Migrenelogg

Installer Skjermbilete Personvern Språk Tilbakemelding Lang: en|no
Migrenelogg let deg enkelt loggføre migreneanfall (eller andre hodepineanfall). Den er laga for å gjere det så enkelt som mogleg, og krev berre ein dato og styrken på eit anfall, medan du kan leggje til valfri infromasjon som kva medisiner du nytta og eventuelle notat viss du vil. Dette let deg overvake migrenen din og kan bidra til at du og legen din kan finne den rette behandlinga for deg.

Brukargrensesnittet er tilpassa personar med migrene, den nyttar mjuke, mørke fargar sånn at du kan nytte den når du har migrene.

Migrenelogg respekterer personvernet ditt og ber ikkje om tilgang til nettverket, sånn at du kan vere trygg på at informasjonen din ikkje forlet eininga di med mindre du eksplisitt eksporterer den.

Skjermbilete

Skjermbilete
Skjermbilete
Skjermbilete

Fri programvare

Migrenelogg er fri programvare: du kan redistribuera og/eller endre programmet under vilkåra i GNU General Public License som publisert av the Free Software Foundation, anten versjon 3 av lisensen, eller (viss du vil) ein seinare versjon.

Dette programmet vert distribuert i håp om at det er nyttig, men UTAN NOKON FORM FOR GARANTI, ikkje ein gang ein implisitt garanti om at det er SALBART eller EIGNA TIL EIT BESTEMT FORMÅL. Sjå GNU General Public License for detaljar.

Den komplette kjeldekoden til Migrenelogg er tilgjengeleg på GitLab.

Personvern

Migrenelogg har blitt designet til å respektere privatlivet ditt. Den ber ikkje om nokon spesielle tillatelsar som standard, ikkje ein gang nettverkstilgang. Den einaste tilgangen den kan be om er tilgang til lagring. Den ber om dette viss du ynskjer å importere data til Migrenelogg. Den treng ikkje, og ber heller ikkje om, tilgang til lagring viss du ikkje nyttar import-funksjonen.

Migrenelogg inneheld ingen sporing og lagrer ingen av dine data i «skyen» eller andre stader anna enn på din lokale eining, med mindre du nyttar eksporter-funksjonen, og viss du nyttar eksporter-funksjonen er det framleis du som styrer korleis du handterer den eksportert fila.

Du kan sjå alle personvernreglane på GitLab.

Språk

Migrenelogg er tilgjengeleg på Norsk (nynorsk), Engelsk, Finsk, Tysk, Spansk, Kinesisk, Fransk og Basksisk. Viss du ynskjer å få Migrenelogg tilgjengeleg på fleire språk, tek eg svært gjerne imot bidrag. Sjå guiden om omsetting for detaljar.

Tilbakemelding og feilrapportar

Migrenelogg vert heile tida vidareutvikla. Tilbakemeldingar frå brukarane er heilt essensielt for å få appen til å bli så god som mogleg. Viss du møter på eit problem, t.d. at noko ikkje fungerer sånn du forventa, eller har ein idé om korleis forbetre Migrenelogg, t.d. ein ny funksjon, gi oss beskjed! Du kan opne ein sak på GitLab så vil eg sjå på det. Du kan òg sjå kjende problemer og funksjonsførespurnadar der.

Installer

Den nyaste versjonen av Migrenelogg er 0.11.2. Den er tilgjengeleg for Android på Google Play og F-Droid, den frie app-butikken, og iOS (iPhone/iPad) på App Store. Sjå endringsloggen for detaljar om endringar sidan førre utgåve.
Last ned for iOS på App Store
Tilgjengeleg for Android på Google Play
Tilgjengeleg for Android på F-Droid

Drivstoff til utviklaren

Buy Me A Coffee